Sterke, kreative kvinner

Sterke kvinner imponerer meg.

Strength and growth come  through continuous effort and struggle.
Strength and growth come through continuous effort and struggle.
Spesielt kvinner som arbeider i mannsdominerte yrker, der ho som kvinne må fighte ekstra for å visa at ho kan.
Eg ser òg opp til den mammo som klarar å sjonglere kvardagen sin med arbeid, familie, aktivitetar og venner.
-Mest av alt beundrar eg ho som kan prioritera seg sjølv i eit kaos av ein kvardag. Finna rom til å slappa av og pusta innimellom.
Om da hadde vore ein mann som hadde dette livet, ville han sjølvsagt fortjena mi endestups beundring på lik linja som ei kvinna. Da er tross alt likestilling…
Men av ei eller anna grunn, så er da me kvinner som tar på oss, eller får i fanget,
alt for mange gjeremål- og må vere blekksprutmamma i kvardagen.
No er da gått altfor lenge siden eg har fått ut blogginnlegg, formen er jo som ein rullebane. Og no føles da godt å få leika med ord igjen.

Eg har møtt mange spennande mennesker i mitt liv, spesielt etter at eg tok eit steg inn i kunstnarverda. Frå før av har eg mange venner frå musikk- og filmverda, folk som heldigvis er utanfor firkant boksen. Slike likar eg. Men da er spesielt fint å få komma inn i universet til ein billedkunstnar eller ein skribent. Dei har ein pasjon og engasjement for å få andre til å forstå verda dei vil presentera. Og eg kan heldigvis nyta lika godt ein annan kunstnar sitt univers som eg kan vera engasjert i mine eigne prosjekt. Eg likar tross alt å bli underholdt.

Tutta Torill & Bitta badar i regnet.
Kortfilmen om Sunnhordland. Tutta Torill & Bitta badar i regnet.
Ei av mine beste venninner, Tutta Torill Berger Falk, er ei slik kreativ sjel som eg nyter å oppleva kunst og kreativitet i lag med. Ho arbeider som drama- og kunstlærarinna for Fitjar og Stord Kulturskule, i tillegg til at ho har private kunst prosjekt og tilstelningar som sjølvstendig næringsdrivande for Kreatun. Ho er ei som har mykje kreativt å komma med, er ressurssterk og gir mykje av seg sjølv.
Mang ein gong har eg hatt ei rolig venninne-stund med ho som har enda opp med filmsnuttar, bandøving eller kreativ sceneopptreden. Herlig engasjement og mykje moro!
Du må prøva å leika meir rett og slett, slik me gjorde då me var yngre. Da føles godt.
Me ler! Og som eg har skreve tildigare, så er da godt å le.

Og no er ho illustratør i boka Mamma Blekksprut som kjem ut til helga!

Bøkene om Mamma Blekksprut
Bøkene om Mamma Blekksprut

Ho har tidligare vore illustratør i boka Eddy Edderkopp i lag med Ailinn Spissøy, diktsamlinga til Gustav Rasmussen, i tillegg gitt ut boka Den Døde Fuglen.
Og no er ho altså illustratør i to bøker av Mamma Blekksprut.

Mamma Blekksprut er laga i lag med to andre kreative, sterke kvinner; Magdalena From Delis, forfattar, og Silvia Karlsen som står for design. To kvinner eg òg ser opp til, og syns dei gjer ein inspirerande jobb, og gler meg til å sjå kor talentet deira tar dei i framtida.
Bøkene opnar for god stimuli og vakre samtalar mellom born og vaksne samtidig som da er lett og lekent, står da på Spinae Company sine sider. Og du vil få møta Mamma Blekksprut, ny date, eksmann og ny kjæreste, bestefar og venner. Mange situasjonar både born og vaksne kan identifisera seg med i familiar i dag. Ta ein kikk på desse bøkene og sjå om du vil investera til deg, venner og familie, du vil garantert finna god strek og god lesing!
I kunstbransjen er kunstsamlingar 60-70 prosent av innkjøpene til museer kunstverk av menn. Og da handlar ikkje om at kvinner ikkje er dyktige. Investorar har berre ikkje forstått kva tusenår me lever i…
Derimot skreiv Aftenposten for eit par år sidan at viss du vil investere i kunst, er da lurt å satsa på kvinner. Kvinner får per i dag mindre betalt for kunstverka enn menn, mens likestillinga vil komma som Tors Hammerslag. Litt etterkvart…

Personlig trur eg da er viktigast å lika da du investerer i, anten da er billedkunst, bøker eller musikk. Men eg vil anbefala å sjå og høyra på da dei kreative sjelene rundt deg vil ta deg med på. Kom inn i den verda du blir ønska velkommen inn i. Ta deg tid til å nyta.

I helga og veka som kjem er Falturiltu, snart opnar Galleri Giga igjen, og fleire av oss har kunst på nett til salgs. Aller hjerter gleder seg! Kanskje er da her du finn årets julegåve?

STRONG WOMEN LIFT EACHOTHER UP! Magdalena og Tutta Torill
STRONG WOMEN LIFT EACHOTHER UP!
Magdalena og Tutta Torill

Å vere student hos ein profesjonell kunstnar

Eg har vore så heldig å vere i arbeid under veiledning og påvirkning av den profesjonelle kunstnaren Jan Terje Rafdal sidan januar.
Han bur og arbeider i Etne, så jeg har køyrd med min stilige Toyota Aygo (ja, ho er stilig) og fått inspirasjon og utdanning i herlige Fugl Fønix Atelièr. Eg jobbar ofte på 3 malerier med ulike teknikkar samtidig, fått kunnskap om og diskutert kunsthistorie, og blitt introdusert til kunstnarar og medlemmar av Haugesund Kunstforening. Spanande!
«Det fins dei som trur at det er nok å berre vere eit kunst-talent, så vil du bli berømt. » Sitat J.T. Rafdal.

I Fugl Fønix Atelièr
I Fugl Fønix Atelièr

Men kunst er like mykje om hardt arbeid som det er om ferdigheter. Og det eg likar å jobba med i Rafdal sitt atelier er at her kan eg jobba effektivt og utvikle ferdighetene mine i praksis, mens eg òg arbeider med mine akademiske studier når eg kjem heim til Stord.
J.T. Rafdal kaster ikkje bort tida når me er i atelier!

Rafdal at work
Rafdal at work

Tida må strekka til, sjølvsagt, men så lenge eg er konsekvent med å dela tida mellom studioarbeid og akademiske studier, vil eg få det beste frå to verdener. Jan Terje Rafdal er effektiv og arbeider hardt, OG han sørger for at me har det gøy mens me arbeider!
Å nyta livet er viktig!
I vår var han svært aktiv med prosjekt knytta til utstillingar på Stord og i Bergen i mai, mens han òg jobba med andre kunstprosjekter. Det er alltid kunstverk som skal gjerast og leverast!
Oddrun Helvik og Bitta i Galleri Giga i anledning utstillinga på Stord.
Oddrun Helvik og Bitta i Galleri Giga i anledning utstillinga på Stord.

Eg har ei flott tid i Fugl Fønix Atelier og Galleri og eg lærer mange nye ting i kunstverda og møter interessante mennesker. Rafdal har mykje kunnskap fra kunsthistorie og huset er full av antikviteter og ei nydelig myntsamling.
Mine studier ved Academy of Art University avslutta eg vårsemesteret med gode karakterar og mykje ny kunnskap!
Hugh Laurie, eksamensoppgåve.
Hugh Laurie, eksamensoppgåve.

Det viktigaste er å kosa meg og omfavna det livet har å tilby. Eg set meg delmål for å nå mine større mål. Med tolmod og pågongsmot arbeider eg mot måla eg set meg.
-Og ein dag bør eg skriva bok om J.T. Rafdal’s intellektuelle funderingar…

Vil du male som alle andre?
Du vil alltid få ein ny dag, nye muligheiter. Eg køyrer i nesten 90 minuttar morgon og kveld for studentopplegget med Rafdal i Etne. Det er verd kvar ei mil!
Uansett kor mange timar eg brukar i mitt eige atelièr, har mine kunstnariske eigenskapar forbetra seg ved å arbeide med ein så talentfull kunstnar som Rafdal.
Eg likar å jobbe hardt, likevel treng eg til tider råd om kor tid eg skal arbeide rolig med detaljar og kor tid eg skal auke på farten. Effektivitet i kunstnar arbeid er ikkje så lett som det kan virke.
Rafdal er kjent som ein fabelaktig grafiker.Eg har òg lært nye kunstneriske veier å gå. Eg maler meir med akryl,- eg brukar tape, eg legger lag, pusser ned, brukar ageing og cracking varnish og eg lagar mezzotint trykk. Eg har brukt meir tid per maleri og har definitivt arbeida utanfor mi komfortsone, men det er verd strevet.
«Koffår vil du laga kunst slik andre lagar kunst?» spør Jan Terje meg.
Dette er ein kunstnar med respekt for historie. Me kan læra av dei gamle Meistrane og nytte oss av utprøvde teknikkar. Men det er lov å vere innovativ… Vere i utvikling.
-Og så jobbar me. Skapar, skrapar, malar, pusser, sprayar, teipar, skjærer og høyre på musikk.

Rafdal under utstillinga i Bergen. Felix Fiigenschou.
Rafdal under utstillinga i Bergen. Felix Fiigenschou.
På fredag 21. oktober er det vernissage på atter ei utstilling av Rafdal, med kunstnerisk innslag på KARMSUNDUTSTILLINGEN 2016