Eg er eit ja menneske

img_1143

Det er tøft å seia nei og likavel vera eit ja-menneske.
For min del handlar da mykje om at eg har veldig lyst å stilla opp for folk, vera sosial, gleda dei du er glad i og gjera ein innsats. Eg veit så godt at å få hjelp av andre når da trengs er så verdifullt!
I arbeidssamanheng ofrar eg tid og krefter fordi eg vil investera i mi eiga utvikling, og for venner og familie handlar da om samhold og omtanke. I tillegg er da gøy å vera eit positivt ja-menneske! Skal ikkje legga skjul på da.
I sannhetens peikande finger er me i Noregs raudt, kvitt og blått fødd og oppvokst i ei dugnadstrillebår, og da kan virkelig bli for mykje til tider! Eg har alltid syns da er vanskelig å seia nei i dugnadsspørsmål. Mykje fordi eg har lyst å stilla opp og hjelpa til, men eg veit at eg ikkje kan strekka til over alt. Og eg er bevisst på kor mykje, og akk kor lite, energi eg har å gi til andre og likavel ha energi til øvers til meg sjølv.

Da er viktig å bruka så mykje energi ein har, og ikkje bruke seg opp. Eg har lyst å gi av mitt smilande besta, og då må eg ha nok mi-tid kvar dag.
Helst framfor eit staffeli… 11709489_770653356387405_3802376862805092417_n
Eit av dei frivillige gjeremåla eg har gjort siste tida som virkelig har gjort inntrykk på meg, er då eg hadde to dagar med kunst-undervisning på Litlabø EM Mottak for mindreårige einslege søkjarar. Me malte og teikna, prata og lo. For ein gjeng med flotte ungdommar med mange ulike skjebnar.
Ideelt sett skulle eg hatt plass til å ta dei med i eit eige atelièr der me kunne jobba med kunstprosjekt, så viss nokon veit om eit større rom eg kan bruka til atèlier, ta gjerne kontakt på adm@bittabjornsdotter.com

Eg las gode, enkle tips om korleis ein kunne læra seg kunsten å seia nei og likavel vera ja-menneske. Det handlar ganske enkelt om å ta kontroll over eiga tid. Sjå på klokka og vurdèra kvardagen  realistisk. Planlegga dagen med gode marginar, slik at du har tid til deg sjølv. Leva i nuet.
https://ceciliets.no/wp/kunsten-a-si-nei-og-likevel-vaere-et-ja-menneske/

Eg har blitt flinkare med dette dei siste åra takka vera ei venninne som gjorde meg oppmerksom på at eg brukte av andre si tid når eg kom for seint til avtalar.
Så enkelt kan da òg seiast. Kven vil vel vera så frekk å bruka av andre si tid?
Og bonus er at eg slepp å ha dårlig samvittighet for at eg ikkje strekk til.
Å gi beskjed om at ;  -dette rekk eg ikkje over, er faktisk heilt Å kei!

For eitt år sidan i september-tider hadde eg kunstutstilling i Kulturhuset. Ein suksess på så mange nivå! Den handla om stå på sjølv om livet er tøft, og at stormen du kanskje står i eller har vore i, -vil gå over. Du må holda ut! Storms never last.
Da er nok mange som har stått midt i stormen. Følt at ein ikkje strekker til, eller har møtt veggen. Dei som ser lykkelige ut, kan ofta ha problem nett som du. Alle har si historie, si ballast, mindre eller større. Da er ein del av livet. Berre husk at om du står midt i stormen, så vil den gå over.
Dei som ser tilfreds ut, har ofte funne ein måte å takla kvardagen på til tross for konfliktar i fortid eller notid. Den som klarar å fokusere på ting i kvardagen som er positivt, den som gjere fysiske aktivitetar og ikkje gjer opp, klarar ofte å komme seg eit stykke opp i motbakken.
Målet kvar dag bør vera å finna noko som får deg til å smila.
Eit lengre mål bør vera at kvardagen din skal innehalde såpassa mange pusterom med   mi-tid at du er i balanse. At det er plass til deg! Då trur eg òg at stormen går raskare over.

img_1047

Er ikkje utan grunn at UTE PÅ TUR, ALDRI SUR er ein quote som har slått an.

Fysisk aktivitet er viktig! Latter endå meir! Og sidan me produserer endorfinar  når me har fysisk aktivitet og endorfiner er kroppens lykkehormon, så kom deg ut i skog og fjell!

Når me ler, lagar kroppen endorfiner òg, -så er du lei, finn noko å skrattle av! Og med…