Fri til å læra

På søndag var eg på middag hos ei venninna og familien. Me har vore venner sidan Tidenes Morgon. Me kjenner kvarandre, finn kvarandre interessante og er snille med kvarandre ( er ikkje alltid sjølvsagt blant venninner).
Slike venninner legg du på ein plass i hjarta, og der blir dei. Eg har heldigvis fleire slike.
Fleire venner av meg var på middagen og gjorde den koselige haustkvelden hyggelig og interessant. Og eg tenker på livet me har levd, på utviklinga og veien me har gått.
Eg vil påstå at me er oppegåande, intellektuelle mennesker;
alle kan eta med kniv og gaffel og konversera om høgaktuelle nyhende rundt bordet.
Me kjem frå ein møblert heim, og kan le på dei rette plassane.
Derimot, omtrent samtlege av oss snakka med seg sjølv når me er åleina.
-Me konkluderte kjapt med at da var sjarmerande og gav dei mest intelligente svarene.
Da er fornøyeleg å snakka med seg sjølv i grunn!
Frå gammalt av, blei ein sett på som som smågal viss ein gjekk å prata med seg sjølv. No er da heldigvis forska meir på mental helse og me er opne for at da er ein del av oss me kan snakka om på lik linje som fysisk helse.
Om nokon av oss rundt bordet skulle kjenna oss «galne», er me i alle fall frie nok til å le av ordtaket: dei galne har da godt.

Eg kunne ønska ungdom såg seg sjølv fram i tid. Eg har på følelsen av at dei hadde hatt godt av å snakka med seg sjølv og le litt av da. Ikkje stressa med skyhøge karakterar på skulen og pressa seg for å perfeksjonera idrettsprestasjonar eller sosiale skills.
Verda forandrar seg heile tida. Sjå berre på oss halvvaksne ( eg, kvinne over 40 ).
Me dannar og utdannar oss, vidareutdannar oss og skiftar jobb.
Kanskje livet handlar meir om å UTVIKLA oss enn å perfeksjonera oss?

Bitta
Dream away

Me har laga ein skuleplan for borna våre som testar, prøver og driv konkurranse. Da er ein tanke at da kan vera vår generasjon si feil at ungdom i dag er den såkalla Generasjon Perfeksjon…
Då er da viktigare at skuleplanen heller må vera prega av personleg utvikling og stimuli på kreativt plan, i staden for prøvar og skåringar. Vekka den naturlege lysta born og ungdom har til å læra ved å vera kreativ på skulen. Da ligg naturleg for dei fleste mennesker å ynskja utvikla seg og få ny kunnskap.
Skulen burde handla om å utvikla kunnskapane born og ungdom har og kan få, ikkje bruka mykje kapasitet på testing og konkurranse på nasjonalt og internasjonalt plan. Heldigvis er mange lærarar kreative, men arbeider mot læreplan og kapasitet og sit fast i byråkratiet.
Ungdom på Vidaregåande får ofte presentert diverse prøvar og tentamen i klasar, og dei kan umulig få vist seg frå si beste sida når dei har denne opphopinga av testar.
Ein bedre vei å gå er vel å visa at dei har lært mest mulig i kvart fag, og unngå unødig stress. Desverre viser både undersøkelsar frå elevar og sjukehussreportar at elevane er i utrygge og stressrelaterte miljø på skulen. Dette demotiverer til læring.
Utviklinga har ført til langvarige stress relaterte sjukdommar, noko som har auka uhyrleg med 400 % ved Rikshospitalet dei siste 5 åra.
Og denne onde sirkelen fører til lærevanskar, dropout, skuleproblem og familiære problem.
-Me treng ein skuleplan som sikrar eit godt inneklima for hjernen til born og ungdom!

Kreative fag og fysisk fostring bør ta ein stor del i læreplanen slik at born og ungdom lettare kan kjenna meistring på fleire plan. Alle mennesker er ikkje akademikarar.
Da fins fleire måtar å møta ny lærdom på.

den vitruvianske mann
Da Vinci’s vitruvianske menneske- perfekte proposjoner

Leonardo da Vinci, italiensk malar, bilethuggar, ingeniør og vitenskapsmann frå Renessansen viste korleis kreativitet og realfag kunne, og i hans auge, BURDE arbeida hand i hand.
Dei perfekte proposjonane i menneskekroppen, da vitruvianske menneske, er bygd opp av da gylna snitt. Me finn da gylna snitt ( òg kalla = Phi = bygd opp av Fibonaccis tallrekke ) ein mengde stader: I naturen finn me blomen, solsikka og grønsaken, romanesko.
I kunsten bruker me da gylna snitt i komposisjonar når me bygger opp bilder og når me ser på avstanden kroppsdelene våre er plasserte i forhold til kvarandre.
Me kan faktisk bruka matte for å setta opp eit ansikt i riktige proposjonar!
I kunst og komposisjon brukte han matematiske formlar for å få da perfekt, og i dag blir da gylna snitt brukt flittig.
Bevisst eller ubevisst bruker du da gylna snitt oftare enn du trur. Til dømes når du tar eit foto og ser etter den perfekte vinkelen, og brått ser du at da blir bra. Du kjenner at alt stemmer! – Då har du mest sannsynleg truffe da gylna snitt.
-OG da er ein matematisk formel på da du gjorde rett ut i frå magafølelsen…
Da ER fleire veier å nå målet!

BILDET DER ALT STEMMER! -av Andreas Winter
BILDET DER ALT STEMMER! -av Andreas Winter

For tida jobbar eg med fleire prosjekt heima. Oljemaleriet «Leda and the swan» er i fasen for ferdigstilling. I ferdigstillinga er da små detaljar som skal gjerast ferdig og finpussast på, og deretter tørking. Finpussinga tar plutselig mange timar likavel, men da er kjekt å arbeida med. Maleriet er så godt som ferdig, da er liksom den siste finishen og alt må stemma i lag.
På Instagram kontoen min postar eg til tider maleri under arbeid, viss du vil følga med bitta74
Ellers har eg jobba med linosnitt her heima. Eg har ei linoleumsplate som eg skjærer ut med spesialknivar og deretter ruller eg maling over. Linoplata kan eg bruka til å trykka motivet fleire gonger på papir, og eg kan bruka forskjellige fargar og bakgrunnar.

Svanemotiv, linoleumsplate, kniv
Svanemotiv, linoleumsplate, kniv

Da er ein ganske grei grafisk høgtrykksteknikk, som sjøl ei enkel landsens kvinne som eg kan klara. Kjekt å meistra! Eg huskar me fekk jobba med linoplater på skulen då me var yngre, trur jammen da var barneskulen. Men den gong, i gamledagar, fekk me òg ha sløyd og keramikk.
Sikkert farlig, og vanvittig gøy å meistra!

BE FREE
BE FREE