Eg har vore så heldig å vere i arbeid under veiledning og påvirkning av den profesjonelle kunstnaren Jan Terje Rafdal sidan januar.
Han bur og arbeider i Etne, så jeg har køyrd med min stilige Toyota Aygo (ja, ho er stilig) og fått inspirasjon og utdanning i herlige Fugl Fønix Atelièr. Eg jobbar ofte på 3 malerier med ulike teknikkar samtidig, fått kunnskap om og diskutert kunsthistorie, og blitt introdusert til kunstnarar og medlemmar av Haugesund Kunstforening. Spanande!
«Det fins dei som trur at det er nok å berre vere eit kunst-talent, så vil du bli berømt. » Sitat J.T. Rafdal.
Men kunst er like mykje om hardt arbeid som det er om ferdigheter. Og det eg likar å jobba med i Rafdal sitt atelier er at her kan eg jobba effektivt og utvikle ferdighetene mine i praksis, mens eg òg arbeider med mine akademiske studier når eg kjem heim til Stord.
J.T. Rafdal kaster ikkje bort tida når me er i atelier!
Tida må strekka til, sjølvsagt, men så lenge eg er konsekvent med å dela tida mellom studioarbeid og akademiske studier, vil eg få det beste frå to verdener. Jan Terje Rafdal er effektiv og arbeider hardt, OG han sørger for at me har det gøy mens me arbeider!
Å nyta livet er viktig!
I vår var han svært aktiv med prosjekt knytta til utstillingar på Stord og i Bergen i mai, mens han òg jobba med andre kunstprosjekter. Det er alltid kunstverk som skal gjerast og leverast!
Eg har ei flott tid i Fugl Fønix Atelier og Galleri og eg lærer mange nye ting i kunstverda og møter interessante mennesker. Rafdal har mykje kunnskap fra kunsthistorie og huset er full av antikviteter og ei nydelig myntsamling.
Mine studier ved Academy of Art University avslutta eg vårsemesteret med gode karakterar og mykje ny kunnskap!
Det viktigaste er å kosa meg og omfavna det livet har å tilby. Eg set meg delmål for å nå mine større mål. Med tolmod og pågongsmot arbeider eg mot måla eg set meg.
-Og ein dag bør eg skriva bok om J.T. Rafdal’s intellektuelle funderingar…
Vil du male som alle andre?
Du vil alltid få ein ny dag, nye muligheiter. Eg køyrer i nesten 90 minuttar morgon og kveld for studentopplegget med Rafdal i Etne. Det er verd kvar ei mil!
Uansett kor mange timar eg brukar i mitt eige atelièr, har mine kunstnariske eigenskapar forbetra seg ved å arbeide med ein så talentfull kunstnar som Rafdal.
Eg likar å jobbe hardt, likevel treng eg til tider råd om kor tid eg skal arbeide rolig med detaljar og kor tid eg skal auke på farten. Effektivitet i kunstnar arbeid er ikkje så lett som det kan virke.
Rafdal er kjent som ein fabelaktig grafiker.Eg har òg lært nye kunstneriske veier å gå. Eg maler meir med akryl,- eg brukar tape, eg legger lag, pusser ned, brukar ageing og cracking varnish og eg lagar mezzotint trykk. Eg har brukt meir tid per maleri og har definitivt arbeida utanfor mi komfortsone, men det er verd strevet.
«Koffår vil du laga kunst slik andre lagar kunst?» spør Jan Terje meg.
Dette er ein kunstnar med respekt for historie. Me kan læra av dei gamle Meistrane og nytte oss av utprøvde teknikkar. Men det er lov å vere innovativ… Vere i utvikling.
-Og så jobbar me. Skapar, skrapar, malar, pusser, sprayar, teipar, skjærer og høyre på musikk.