Ode to father figure

Eg er ei av dei heldige som er oppdratt i kjærlighet og omsorg. Denne søndagen feira me farsdag i Noreg, og eg sat fornøyd på kvelden etter ei koselig familiefeiring.
Eg tenker på kor takknemlig eg er for mi oppvekst med ein flott far, og andre farsfigurar som har stilt opp for meg i livet mitt.

Mykje heimekos på farsdag.
Mykje heimekos på farsdag.

Då eg var lita, måtte eg av ulike grunnar vera i lengre tider hos besteforeldra mine i Odda. Der var da òg mykje godhet, og eg minnast mange av dagane der med Besten i hans atelièr. Han malte rosemaling, men hadde likevel alltid tid til vesle meg. Eg hadde ein god farsfigur i han mens pappa var heima på Stord. Da er ein så utrulig god følelse når nokon har tid til meg!
Eg ser kor viktig da er å ha gode farsfigurar i livet. Me treng alle gode menn å sjå opp til. Gode menn i alle aldre. Gode storebrødre som har ekstra tid til søsken, onkler og bestefedre som tar seg tid, eller kompisar som er gode forbilder.
Da er jammen ikkje er enkelt å vera mann i dagens samfunn. Mange menn er oppdratt av ein generasjon menn som er frå ei tid då likestillinga var verre stilt enn no. Dei har færre forbilder å sjå etter. Og me blir ofte slik våre foreldre er, sånn er da no ein eingong. Så menn i dagens samfunn har nok ei ekstra utfordring, og må sjå seg om kva type mann dei vil vera.
Da er mange diskusjonar om likestilling, manndom og feminisme. Å vera feminist betyr ikkje at du er venstreorientert eller kler deg på ein spesiell måte. Du kan vera ekta mann ved å vera den sensitive, stå for likeverd og ta størstedelen av permisjonen heima med borna.
Ver mann og feminist!
Eg syns eit godt forbilde godtar at me er ulike og har ulike kvalifikasjonar, men prioriterer like rettigheter for menn og kvinner.

Takk til dåke alle; min pappa, min besten, min onkel, mine barns far, min son. Fordi me treng gode forbilder.
Om du som les dette ikkje er ein pappa, ver eit godt fars-forbilde.
La born og ungdom sjå sine potensial og ikkje sine begrensingar.

Dance me to the children
who are asking to be born
Dance me through the curtains
that our kisses have outworn
Raise a tent of shelter now
though every thread is torn
Dance me to the end of love

-Leonard Cohen

"Wasn't hard to love you, didn't have to try" -Leonard Cohen
«Wasn’t hard to love you,
didn’t have to try»
-Leonard Cohen

www.bittabjornsdotter.com