Honnør til livet, æra til døden

Honnør til livet, æra til døden.

The day of Jazz Funeral
…»my mind is at ease,
my soul is at rest.
Remembering all,
how truly I was blessed» …

Da gamla teateret fyller seg langsomt opp. Mennesker i alle aldre, alle fargar og bekledninger går andektig, og småpratande inn i lokalet. Fleire mennesker kjem, og fleire stolar blir satt inn. Det er tydelig ein populær mann me skal æra i dag. Framme ved scenen står 7 menn med instrument, henholdsvis trompet, trombone, saksofon, gitar og bass. Etter nokre ord til Gud, blir ein vakker, trist ballade spela, passande til ein begravelse og prosesjon. Avdøde hadde sjølv ønska seg denne.
Deretter var det lite som minna om ei minnegudsjeneste frå heimlandet Noreg.
Publikum klappar. Presten pratar direkte til oss alle og forteller varme, morsomme historiar om mannen me var der for å æra. Me klappar meir, og me blir gitt ei livshistorie om ein mann som hadde stor respekt i lokalsamfunnet. Venner og familie har talar, og gjennom tårer og latter gir dei oss alle bodskapet om å fortsetta og leva livet.
Honnør til livet, æra til døden.
Enka og dansaren som leiar dansen i prosesjonen.
…»continue traditions, no matter how small»…
Ein av borna til avdøde.
…»go on with your life, don’t worry about falls»…

Bandet fordoblar seg framme ved scenen, da kjem både sussafon og trommer, og musikken blir lystigare. Samtidig sit eg i tankar om kor godt inntrykk eg har fått av ein mann, i begravelsen hans.
Eg ler i lag med vennene hans og familien, eg høyrer historiar og eg tar del i livet han har hatt. Og da var akkurat da han ville. Me er velkomne inn i verda han har levd i.
I prosesjonen vil dei gjerne prata om den døde, dela minner og kosa seg med historiar.
På denne måten vil minnet om den kjære leva vidare.

Eg skal innrømma at å gå i begravelse er tøft. Uansett kven da er eg skal visa den siste respekt.
Å sjå sorga til dei du bryr deg om, er vondt.
Å sjå sorg i det heile, påvirkar følsomme meg.
Sannheten er at i begravelse kjem alle dei tap eg har opplevd tidligare, som eit snøras tilbake.
Voldsomt og iskaldt. Så da å observere respekt og minner bli vist mest ved latter og sang, gjorde inntrykk. Eg kan jo ikkje få sagt nok at smil og latter slepp laus gode ting i deg. Endorfiner som kjem fri, er kroppen sine eigne lykkepiller!
Den vakre minnetida vart avslutta med ”When i look in your eyes” av den dyktige New Orleans Jazz vokalisten Betty Shirley.

Betty Shirley. Eg fekk oppleva denne flotte Jazz stemma på konsert kvelden etter.
…»I miss you all dearly «…

Deretter bar det avgårde med dans, klapp og bevegelsar i gatene med bilen og kista først, deretter bandet og The First Line med den nærmaste familien. The Second Line er oftast den dansande gruppa, og fleire mennesker kan slutta seg til i prosesjonen om dei føler for da.

Da er klart at smilet og dansen smittar blant folkemengden! Dei alle fleste dansa og vrikka litt på seg. Til og med eg gjorde the Second Line Dance etter glad-tonane.
Viss du blir med i Second Line i dagens Jazz Funeral, er du med å feirer livet den avdøde levde, og viser respekt på den måten. Frå gamalt av er da ei blanding av militære korpstrommer, og afrikanske, spirituelle dansar for å tilfredstilla åndene i etterlivet.

Dansaren med orkesteret som leiar The second line.
…»so keep up your chin»…
Venner, familie og den som vil, kan hylla Livet til den døde.
…»Until the day comes
when we’re together again»…

Da kan virka surrealistisk å dansa i gatene når din aller kjæraste skal leggast til siste kvile.
Uansett dei historiske grunnane dei hadde til å dansa og smila i sorg, er da ein styrkande prosess som eg meiner er sunn for oss. Om du opplever sorg, motgong eller depresjon, vil glede og fysisk bevegelse hjelpa deg på vei vidare i kvardagen.
Me vil alle oppleva ein eller fleire av tilfellene i løpet av livet. Kanskje må da mykje meir arbeid og hjelp for å komma seg gjennom fasen. Men ein ting er sikkert; om du klarar å gleda deg og bevega deg litt kvar dag, vil kvardagen likevel bli lettare etterkvart.
Kropp og sjel er skapt slik.
-Om du klarar å le og dansa til tross for motgong,
-om du kan nyta ditt eige liv til æra for Livet,
Ja, då har du funne nøkkelen til lykke.

«My mind is at ease, my soul is at rest.
Remembering all, how truly I was blessed.
Continue traditions, no matter how small.
Go on with your life, don’t worry about falls.
I miss you all dearly, so keep up your chin.
Until the day comes when we’re together again.»

Legg att eit svar