Grip dagen

Mor mi skreiv til meg i dag at New Orleans reisa mi snart byrja på si tredje veke. Og min gjennomtenkte tanke var; NAAAAI! Har tida verkeleg gått SÅ fort!

Venter på paradane ein av dei første dagane i Mardi Gras 2017.

New Orleans er ein by å nyta. Ta inn i fulle drag. Her er kunst, historie, arkitektur, dans, musikk, bryllup, begravelse, rike og fattige om ein annan. For ikkje å snakka om den knusande varmen eine dagen og tornado neste. Og menneskene som bur her, ja dei er glad i byen sin- det er heilt tydelig! Identiteten New Orleans ligg langt inn i genene, og kommersielt bruker byen det for det det er verd.
Slik blir bryllup feira i French Quarter. Gravferd kan markerast på samme vis.

Så her føler du i kvar nerve at du er i New Orleans. Som turist, blir eg tatt inn i New Orleans varmen.
No høyre det til historia her at eg heller ikkje er her som turist. Eg har tråla den uendeleg lange bar-gata Bourbon-street, der musikken strøymer mot meg, i lag med fulle, glade mennesker. Mange turistar si favoritt gata. Eg sit heller i sidegatene i lag med dei lokale og høyrer på livshistoriar, og byen si interessante historie. Der er òg musikk, dans og mange spennande mennesker.
God mat har eg opplevd utan unntak. Tilogmed for ein gluten/lactose freak som eg.

Her er mange bilder å ta, mange minner å få.
Det eg tenker på når eg går rundt å ser på det New Orleans har fått til gjennom mange hundre år som ein smeltedigel av mennesker, er at dei er flinke å ta vare på alle typar mennesker som kjem innom. Som sagt, eg føler meg ikkje som turist. Ikkje anna enn at dei tar meir vare på meg kanskje. Ukjente mennesker fortel meg om gater eg ikkje skal gå( som norsk vil eg jo GÅ overalt…), dei fortel om neste event eg må få med meg, neste artist som speler på den baren, det museet.
Slike benkar finn eg når eg går der eg ikkje skal gå…

Og ikkje minst neste Mardi Gras- parade!
Denne festivalen, som for meg er ein evigvarande 17. Mai fest uten sidestykke. Og då går eg ikkje eingong på alle Ball- eventene som høyre til…
Gatene blir sperra for trafikk, og folk finn seg plassar og set ut grillane sine fleire timar før sjølve paradane. I alle fall her Up-town i Garden District, ca 20 min tassetur frå French Quarter og Bourbon-Street. Paradane går nedover mot byen, kastar perlesmykker og anna reklame-stæsj til folkemengden. Poenget er at mengden med mennesker skal ropa, vinka og laga leven. Ei herlig, levande stemning!
I mellomtida dansar folk i gatene, barane spelar musikk, ungar kastar ball og leikar. Gledegledeglede.
Kvar Krew, som bruker private pengar, har fleire floats, band og dansegrupper.

Er ikkje rart at denne byen tiltrekker seg mennesker, det vere seg turistar, folk som vil jobba, studere eller berre vere. New Orleans er energi og glede.
«I’m your private dancer, a dancer for money. I’ll do what you want me to do»
«-man tager vad man haver. » er eit gammal, norsk ordtak som passe godt. Og så COLORSCOLORSCOLORS

No kan det sjå ut som om eg reklamerer heftig for New Orleans.
Eg reklamerer veldig for menneska i New Orleans!
Måten å nyta livet på. ha opne armar for nytt og gamalt, alle former og fargar.
Den frie gleden dei vidareføre med dans, kunst og kultur.
Dei lever til siste pust tar dei.
Grip dagen som er gitt dei, og gleder seg over det som er å gleda seg over.

Når paraden er slutt for kvelden, og det er tid for å rydde opp til neste dag, er det tid til meir lek.

Legg att eit svar