Gode Nye Dagar i framtida

Eg set meg mål for kvar dag. Ikkje berre eit nyttårsløfte.
Eg set meg eitt mål der eg prøver å vera ærleg mot mine behov, og eitt der eg vil vera ein god person. To enkle mål eg syns er gode å ha.
Når eg er ærlig med meg sjølv, så likar eg meg best når eg har fått gjort noko fysisk kvar dag.
Ein tur i skogen, på fjellet eller ein fysisk arbeidsdag i atelier. Da er ulikt kva som passar inn, da må ikkje bli stress.
I tillegg må eg få utfolda meg kunstnerisk og så treng eg litt åleina-tid. Eg er heller ikkje glad i å vera i lag med mennesker som berre snakkar negativt om andre = energi-tjuvar.
Ellers er eg ganske lett å halda ved like, og målet med å vera ein god person klarar eg å halda så lenge eg er bevisst.
Da enkle er ofte da beste.

«Ver ærlig mot dine egne behov og ver ein god person» -sitat 2017

Denne hausten og vinteren har vore særdeles tøff. Cluster hovud-verken har vore ekstra ekkel mot meg i månadsvis, i tillegg mista me vår kjære Lapphund, Mia, -så altfor tidlig.
Da, og tidligare motgong, har tært på meg både fysisk og mentalt. Og eg måtte for alvor arbeida hardt for å komma tilbake til ein normal kvardag.
Mia var alltid til god støtte og var min beste turvenn. Eg saknar ho kvar dag.

Som så mange gonger før, ser eg kor viktig da er å komma meg ut i fysisk aktivitet for å komma meg vekk frå negative tankar.
Kroppen er tempelet der hjernen holder til, blir da sagt. Og den må pleiast. I tillegg produserer kroppen endorfiner når du bruker den, på samme måte som når du ler.
Du blir glad av å bruka kroppen, enkel vitenskap!
Og da er så viktig at du gjer noko DU likar å gjera!
Og om du ikkje finn så mykje å le av i periodar i livet, så hold kroppen i gong.
Den er ditt tempel, ta vare på den som best du kan.
Endorfinane, kroppen sine egne lykkepiller, behandler deg fint tilbake og gjer at du blir i bedre humør etterkvart, og ser lysare på livet.
Tida hjelper til. Og latteren kjem.

Ønsker deg Gode Nye Dagar i framtida!
Måtte da bli kjekt med alle utfordringar og opplevingar som kjem!

Legg att eit svar