Og så kom du…

Hausten 2016
Hausten 2016

Eg publiserte på Facebook i går kveld nyheten om bloggen min og ny heimesida. Og eg fekk SÅ mykje oppmerksomhet og fine kommentarar, -tusen takk til alle!
Eg verdset kvar og ein kommentar, deling og LIKE!
Eg har lenge tenkt på å skriva blogg. Ikkje fordi eg har så spanande liv, men kanskje den stien eg har gått med sjukdom og livet eg har fått pga den kan hjelpa andre. Eg er ikkje glad i å snakka sjukdom, så da blir da lite av.
Eg er glad i å visa da eg er glad for at eg har. Og ikkje minst;
VISA KOR TAKKNEMLIG EG ER FOR LIVET!
Life is about moments!
Life is about moments!

Eg fekk Cluster Headache for 10 år sidan. Og mista litt av den eg var.
Og for 4 år sidan sto eg framfor eit staffeli. Som kunstnar kan eg lage mi eiga verd og rømma vekk frå det vonde som Cluster kjem med. Og endelig meistra noko igjen….
Heldigvis fann eg meg sjølv igjen. Heldigvis fann eg eigenskapar i meg eg ville utvikla.
Heldigvis har eg veldig gode venner rundt meg. Heldigvis har eg ein flott familie.
Og så kom eg…

Å skapa gjennom bilder er som å få muligheten å skapa sitt eige univers. Eg kan teikna mennesker og prøva seie noko til deg, male vakre landskap som ikkje er er øydelagt av krig, og farge ein himmel full av stjerner. Det kan vera ei verd slik eg vil den skal vera, eller slik eg vil du skal sjå den. Politiske meiningar eller psykologiske perspektiv er det òg plass til i kunsten.
Stundom vil eg ha mi meining fram, andre gonger dine tankar.
Som kunstnar kan eg laga mi eiga verd slik eg vil den skal vera.
Å finna og bruka dine spesielle kvaliteter er noko av det viktigaste du har å gjere i di levetid. Alle har me ulike kvalitetar og eigenskapar. Me har fleire.
Dersom din beste eigenskap er å vera omtenksom og hjartegod, så er det yrker som passar for slikt. Eller du kan gjera da på fritida di!
Om du har kunstneriske eigenskapar, om du er flink å ri eller køyra gravemaskin, så sett i gong å utvikla dei eigenskapane! Tenk på alle dei som IKKJE kan da du kan!
Du kan gjera ei forskjell. Du kan vera den forskjellen!
I skrivande stund er sonen min, Olav, i Bergen i Yrkes-NM i faget anleggsmaskinførar.
Eg er så stolt over den han er i dag. Han er ein som arbeider hardt og målbevisst mot måla sine og eg veit at da ligg mange timar og satsing hos Stord Anlegg AS.
http://www.sunnhordland.no/artikkel/stordabu-med-i-yrkes-nm

Generasjon Perfeksjon
Eg hadde ei i klassen i Academy of Art University som skreiv at ho var redd for å feile fordi ho er for gammal til å studere. Ho er nesten 10 år yngre enn eg er! Det handlar ikkje om alder. Om enn så klisje det høyres ut, så ER alder berre eit tal.

kolteikning av torso, studieoppgåve
kolteikning av torso, studieoppgåve

Dette veit eg altfor mykje om. Sjukdom har i si tid gjort at eg har følt meg veldig gammal og utsleten. Heldigvis har eg veldig gode tider òg. Då er eg så ung som eg er! hihihi
Er eg frisk, er hjernen klar for å ta imot nye impulsar og er inspirert til å suge til meg ny kunnskap. OG vera sosial med mine kjære, gode venner!
Fysisk forfall er uunngåeleg for alle på eit tidspunkt, men mentalt kan me heile tida utvikle oss.
Ikkje ver ein skygge av deg sjølv
Ikkje ver ein skygge av deg sjølv

Å vere menneske i dag er for mange ein tøff jobb. Det tøffaste jobben dei har i kvardagen. Kanskje spesielt for dei unge. Menneskearten som i realiteten sit øverst i hierarkiet, har ein mentalitet som øydelegg for si eige personlege utvikling og lykke.
Generasjon perfeksjon krev ei abnorm utvikling og ekstrem lykke til ei kvar tid, og stagnerer fantastisk flotte, normale ungdommar.
Då er det viktig å flytte fokus på noko anna enn driven til ekstrem suksess og popularitet.
Ver den beste du kan vere! Akkurat no! Nett i dag!
Fokuser på andre mål enn å vera perfekt og vellukka. Det gjer deg verken dum eller mislykka, du kan ikkje vera best i alt eller SUPERHAPPY heile tida. Å vera menneske er å bruka dei kvalitetane du har, og i løpet av livet vil du finna ut at du har mange forskjellige talent. Tru meg!
Nyt livet mens du lever!

6 tankar om “Og så kom du…”

  1. Gratulera Bitta!! No tilogmed med eigen blogg ? Du imponerer stadig oss rundt deg.. og lukke til med Olaven! Spennande å følga med den flinke guten, du har mykje å vera stolt øve ?

    1. Takk Lenemi! Er så glad eg oppgraderte Bittaserveren. hihi. Eg har fine ungdommar, både Olav & Bertine, og så SUPERHERLIGE bestevenninner <3 <3 <3

    1. Takk miMarit! Eg håpa eg kunne hjelpa andre med å dela mi positive tenking- og eg har allerede fått mange private meldingar. Da føles godt! Du har jo allerede høyrt på meg, og oppmuntra meg mang ein gong – eg er så glad eg har deg. <3

Legg att eit svar