Kreativ kløe

Den siste tida har eg jobba med maleriet «Leda and the Swan». Eit klassisk, figurativt oljemaleri med historie om den greske guden Zevs som var så fascinert av den vakre Leda, hustru til Kongen av Sparta. Guden Zevs gjorde seg om til ein svane for å forføre Leda og etter historien blei ho gravid med 4 born, der 2 av dei var med guden Zevs. I dette maleriet har eg brukt ei flott Stordajenta som modell og norsk vestlandsnatur som bakgrunn, og har vist svanen som ein trygg, beskyttande farsfigur. Medan nokre versjonar av historien om Zevs og Leda blei til tider fortalt om den mektige Zevs som prøvde forføra Leda, men enda opp med å ta ho med vald. Eg er derimot ein romantikar, og går for den mildare historien om Zevs, Gud over gudar og mennesker i den greske mytologien.

I arbeidsprosessen etter at oljemaleriet var ferdig og hadde tørka, brukte eg først ageing varnish og deretter cracking varnish som sluttbehandling. Maleriet får ein krakelert overflate og eit gammalt, antikk preg. Dette er ein teknikk Jan Terje Rafdal har vist meg når eg har vore hos han i Fugl Fønix Atelièr. Eg er meget begeistra over denne teknikken. Som eg er over da meste som har eit antikk sus over seg.

Uansett om eg maler med olje eller akryl, så har maling ei viss tørketid, og da er som oftast best å ha ein god driv mens eg er i gong med arbeid. Akkurat no i haust har formen vore schlecht, og  tørkepausane har vore fin å ha som naturlig pause. Eg har eit lite rom i heimen eg brukar som atelièr, slik at eg kan ha fleire prosjekt på gong. Kjem godt med å ha litt plass no når eg har fleire bestillingar som skal gjerast ferdig.

 

 

fullsizeoutput_4a5
Akryl på ark #artbybitta

Viss du ikkje har god plass, prøv likavel å ha teiknearmen i gong så ofte du kan. Eg blir overraska kor raskt kunstarmen «størknar» viss eg ikkje brukar den på lang tid.                                                                    Akryl på ark kan lett ryddast vekk frå kjøkenbordet når du er ferdig, og då treng du i grunn ikkje eit eige rom.

Krusedullar frå boka #Mamma Blekksprut seier God Morgon" av Magdalena From Delis & Torill Berger Falk.
Krusedullar frå boka #Mamma Blekksprut seier God Morgon» av Magdalena From Delis & Torill Berger Falk.

Krusedullar kan fargeleggast inni eller lagast med penn i da uendelige. Mange finn da terapeutisk. Som eg gjer med malinga mi. Andre har strikking, snekring eller andre ting der ein lagar noko og samtidig som ein slepp tankane fri. Det er eit ordtak som går på å halde seg i aktivitet, skape noko, så blir du mentalt frisk òg; MEND THE HOME, MEND THE MAN.  Da trur eg på.

fullsizeoutput_4a7
BE PROUD OF WHOM YOU HAVE BECOME. IF NOT, TRY TO BE A BETTER ONE.

 

Legg att eit svar